lørdag 9. mai 2009

Scrappa litt i går:)





Eg sat heime å kosa meg med scrapping i går etter ei lang veke. Ingenting er så avslappande som å scrappe når ein er litt stressa:) 

Eg prøvde meg på å scrappe gåvepose og eggekartong i går, noko som var utruleg moro:) Dei vart veldig enkle, slik som det meste av det eg scrappar, men det er no kjekt fordi om:) På gåveposen har eg brukt nydelege stempel frå Faerie Song som er kjøpt av Papirplaneten:) Alle stempel og pynt eg brukar er forresten kjøpt på Papirplaneten som er ein fantastisk bra scrappebutikk. Dei held til i 2.etasje over Posten i Sogndal, men har og nettbutikk: www.papirplaneten.no

Eg har no meldt meg på Distress INK kurs på Papirplaneten, noko eg gler meg masse til:) Skal verte kjekt å lære seg noko nytt innan scrapping:)

Anette

1 kommentar: