lørdag 23. mai 2009

Sukkersött utfordring #41


Denne veka var oppgåva at ein ikkje skulle fargelegge nokon av stempela, så då må dette verte mitt bidrag denne veka :) 

Anette

tirsdag 19. mai 2009

Sukkersött utfordring #40


Her er mitt bidrag i denne utfordringa. Veka's tema var dyreriket. Eg valte å lage eit gratulasjonskort med nokre feststemte dyr. Enkelt, men litt søtt:)

Anette

mandag 18. mai 2009

Kurs på Papirplaneten:)





Eg og Stine reiste på kurs på Papirplaneten der Anja lærte oss å lage eigne bakgrunnar til korta med distress INK:) Det var ein utruleg fin teknikk, som eg trur eg kjem til å bruke mykje. Korta vart ganske så fine til å vera fyrste gongen:)

onsdag 13. mai 2009

Gode venninner:)


I dag hadde eg, Meta og Trine ei koseleg scrappestund heime av meg:) Me kosa oss med god mat fyrst og så scrappa me etterpå:) Eg var ikkje så veldig produktiv i dag, så det blei berre eit kort, men kjekt var det no lell:)

Anette

mandag 11. mai 2009

Vennskap <3



Eg tok meg ein pause frå Bacheloroppgåveskriving og laga denne LO'en om meg og mi beste venninne:) Denne skal opp i glas og ramme heime i leiligheita:) 

Glad i deg, Meta:)

Anette

lørdag 9. mai 2009

Scrappa litt i går:)





Eg sat heime å kosa meg med scrapping i går etter ei lang veke. Ingenting er så avslappande som å scrappe når ein er litt stressa:) 

Eg prøvde meg på å scrappe gåvepose og eggekartong i går, noko som var utruleg moro:) Dei vart veldig enkle, slik som det meste av det eg scrappar, men det er no kjekt fordi om:) På gåveposen har eg brukt nydelege stempel frå Faerie Song som er kjøpt av Papirplaneten:) Alle stempel og pynt eg brukar er forresten kjøpt på Papirplaneten som er ein fantastisk bra scrappebutikk. Dei held til i 2.etasje over Posten i Sogndal, men har og nettbutikk: www.papirplaneten.no

Eg har no meldt meg på Distress INK kurs på Papirplaneten, noko eg gler meg masse til:) Skal verte kjekt å lære seg noko nytt innan scrapping:)

Anette

fredag 8. mai 2009

Mitt aller fyste blogginnlegg:)

Eg er ny i bloggverda, men gledar meg til å komme i gong med å skrive om og legge ut bilete av kort og diverse som eg har scrappa:)

No i fyrste innlegg legg eg ut nokre bilete av det eg har scrappa tidlegare. Eit par av bileta kom feil veg..Veit ikkje heilt korleis det gjekk til sidan dei ligg rett veg på dataen, men..:)

Anette